Formannen har ordet, fra 1986

Dette ble skrevet av daværende formann, publisert i 
handboka fra 1986.
 
Året 1986 er eit historisk år for dei som driv med hesteskokasting,
det var året då Norges Hesteskokastarforbund vart stifta.  Under møtet
på Vågå 8. februar vedtok utsendingar frå klubbar ifrå 6 forskjellige
fylke samrøystes å stifte eige forbund med eigne vedtekter.  I same 
møte vart eit fullstendig konkuransereglement også vedteke, eit 
reglement som skal gjelde for NM og Norgescupstemner og som vert 
retningsgjevande for andre stemner.  I det heile er regelverket no 
byrja kome i faste former.  
 
Hesteskosporten er i framgang, og det mest gledelege er at den spreiar 
seg til nye delar av landet.  Men framleis er det ei stor og viktig 
oppgåve for styret i Norges hesteskokastarforbund, for etablerte 
klubbar og for den einskilde kastar å arbeide for å gjere sporten endå 
betre kjend og for å vekkje interesse for sporten i nye distrikt av 
landet.  Målet er å gjere denne fasinerende sporten kjend i alle lands-
delar.  
 
Styret er interessert i melding om nye klubbar som vert stifta og 
eg ber om at den som får kjennskap til nye klubbar sender melding 
om dette til Anders Heggdal, 6875 Innvik.  
 
Til slutt vil eg få ynskje alle heseskokastarar og stemnearrangørar 
lukke til med den føreståande konkuransesesongen.
 
                                                Anders Heggdal
                                form. Norges Hesteskokastarforbund